6 vatnsrunden!

Målpassering 6 vatnsrunden


I går gjekk 2010 utgåva av turrittet 6 vatnsrunden av stabelen i fin vår sol. Med stor deltakelse frå både den lokale garden og frå bergens området. Så alt låg til rette for ein fin tur rundt dei 6 vatna med stort fart.

På oppvarminga følte eg meg langt frå bra, men bare etter nokre minutt ut i rittet kjentes beina plutselig heilt konge ut. Og eg følte fort at eg var ein av dei aller sterkaste i feltet.
Det vart som tidligare år litt støting frå Fana gutta rundt vangsvatnet, men ikkje noko voldsomt.
Samla felt då vi kom til den berømte tjukkabygda som er ein lang hard bakke. Der satte Jørgen Eide frå Fana stor fart og fekk sprengt feltet. Eg følte eg satt lett på hjul og bare ”kosa” meg. På toppen ved Norheim var vi då ei gruppe på ca 15mann.
Vi kjørte bra i lag og holdt høg fart. Då vi kom til Vinjedalen syntes eg det var på tide å testa dei andre og satte skikkelig fart. Gruppa delte seg opp i tre, der eg satt forran med 4 andre, men vi blei innkjørt av 4andre som kom seg opp på bilkøen. Så frå Haugsvika og til mål var vi 9mann som samarbeida veldig god då vi fekk teften på ny løyperekord.
Då vi passerte målstreken fekk vi tida 2:08:31 som var ny rekord med vel 2min :)
Artigt å vera med å setta ny løyperekord, og enda artigare å kjøra med så gode bein!

2 Comments:

  1. Nice leggs, her kan du sjå dei på film:

  2. Bra jobba Rune! :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3