Mega mila

Var i går kveld til Nittedal for å kjøre Mega mila. 10km temporitt i ei løype som tidligare har hatt svært gode tider.
Det var oppholdsvær og så godt som vindstille når eg starta kl 21:02:30, men ikkje mange pluss grader.

Følte eg kom godt i gang og klarte å mata bra dei første km, men fekk ein down rett før og etter vending.
Fekk litt meir futt på beina igjen mot slutten. Tida enda på 13:24 noko som vart 26 sek bak vinnaren som var einaste mann under 13minuetter. Dette gav meg ein 8plass kun 16sek bak tredje!

Greit fornøgd, men målet var under 13minutter, men det viste seg å vera temmelig vanskelig under gårsdagens forhold. Det går noke seinare å sykla i kald luft enn varm luft. I tillegg var asfalten skikkelig grov noko som gjor at det trilla dårlig.

På fredag går turen til Østfold for å kjøra østfold tredagers. Starter med 10km på fredagen så då er det muligheter for å få ei bedre tid :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3