Tempo og klassiske Lærdal

Hard dag i dag som starta med 10km tempo i forholdsvis kjølige forhold og med våte veier.
Beina føltes ut som ein dass før start og hovudet var ikkje akkuratt motivert for å mata da da går i ca 13min!
Men som alltid så kobler eg litt ut når starten går og prøver å gjer da besta ut av da. Følte ikkje farten var så veldig høg, men vart klokka inn på tida 13.32 i ei litt treig tempo løype pga nokre kryss og våt asfalt. Det holdt til ein 15 plass 34sekund bak vinnaren som igrunn er ein heilt normal tidsavstand.

Spurte i Klassiske Lærdal


Klassiske Lærdal er Norges lengste gateritt som går over 72km i ei løype på 1200m. Høg fart heile veien og laget kjørte bra. Etter 45runder havna eg i brudd sammen med 6 andre (Svein Erik Vold frå Joker bianchi og Otto Eikeset frå Fana ellers tre utlendinger). Vi kjørte såpass at det lenge såg ut til at vi kunne holde inn, men det stoppa opp på slutten og vi vart tatt inn ca 1,5 runde før mål. Klarte etterpå å karre meg inn til ein 13plass.
Godt fornøgd med kveldens løp pga at beina kjentes noke bedre ut enn tidligare! :)
Siste ritt i morgo som er ein fellesstart på 146km. Gleder meg! :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3