NM fellesstart


Da var eg endelig komt heim igjen (Gjøvik) etter over ei veka på camping i trøndelag.
NM blei som vanlig avslutta med fellesstart for menn senior der proffane som Edvald Boasson Hagen, Kurt Asle Arvesen, Thor Hushovd og Gabriel Rasch var dei største favorittane til å ta heim det prestisjefulle mesterskapstrøya.
Boasson sykler for Team sky, men har er opprinnelig frå Lillehammer og står derfor i LCK som klubb. Det betyr da at vi litt mindre proffe gutta på LCK sjølvsagt gjorde det vi kunne for at Boasson skulle vinna.
Vi fekk løpet akkuratt slik vi ville, med at det gjekk avgårde eit 9mannsbrudd der vi hadde med Platou. Feltet stoppa opp og vi låg i feltet og “kontrollerte” i lag med Nesset ck som er hjelparane til Arvesen. Bruddet opparbeida seg til slutt ein avstand på ca 6min før det smalt i hovedfeltet. Og når det først smalt så smallt det. Eg og resten av laget hadde gjort jobben vår og hadde ikkje meir å bidra med så vi valgte å stå av. Godt fornøgde med egen innsats i ei ekstremt hard løype. Vi var med og bidrog i over halve løpet så det var omtrent over forventnig i den løypa der.
Det såg lenge ut som at planen skulle virke då Boasson og Hushovd var på vei opp til bruddet aleine. Men vår mann hadde detsverre ikkje heilt dagen, og fikk kjenne det på slutten. Hushovd vant og virka til å vera i svært god form før Tour de France! Vår mann rulla inn til ein fin 5plass.

Vil forøvrig sei at arrangemanget til laga som arrangerte NM i år gjorde ein svært god jobb! Mykje publikum i løypa og storskjerm på stadion. Artigt å sjå kor stort sykkelsporten er i ferd med å bli :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3