På bristepunktet!

Etter at eg begynte i full jobb den 1juli har det stortsett gått i eit. Tidlig opp og seint i seng! Rimelig hardt når eg er i ein periode med ein god del langtura. Dette har gått bra ei stund, men etter lagtempoen på onsdag var eg fullstendig ferdig kvelden etter og måtte ta treningsfri. Det gjorde godt så eg kom emg bra og fekk trent det eg skulle på både fredag og laurdag. Henholdsvis styrketråkk og 150km langtur i går.
I dag skulle eg vore med ein gjeng på ein ca 180-200km langtur, men måtte desverre melda pass i dag tidlig då eg våkna med snufsen nasa og tett i halsen.
Så da vart med andre ord nok ein ufrivillig fri dag i dag. Men håper det er nok til at det ikkje bryter skikkelig ut og at eg for eingangs skyld kan ha litt flaks og ikkje bli skikkelig sjuk.
Er jo tross alt ikkje så lenge til ritta beynne igjen. Laget reiser til Sverige rett før månads skifte for å køyre nokre criteriums ritt, men dei står eg over. Så haust sesongen begynner for min del 31juli der vi skal kjøre Bure 2dagers det også i Sverige. Etter det går det slag i slag i lengre tid…. :)
Men til helga blir det ein tur til vestlandet for å køyra turrittet Hardingrittet viss eg er frisk. Greit å starta sesongen igjen med slikt ritt som går frå Utne til Ullensvang i ei så og sei flat løype der det pleier å vera masse støting og høg fart :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3