Hardingrittet


I strålande sol og lite eller ingen vind gjekk Hardingrittet som er eit turritt frå Utne til Lofthus av stabelen. 77km gjennom ein fjord full av eple og morelle tre, og faktisk ein del publikum langsløypa. Var ei stund Tour de france tildensa då eg såg folk stod oppe på ein traktor for å heia!!

Rittet er å betegna som så godt som flatt. Vanskelig å komme i frå, men i år klarte vi faktsik det. I eitreimstunnelen like før Odda skrudde Jørgen Eide og eg opp farten. Folk var tydeligvis ikkje heilt oppservange på at det skulle skje. Då vi kom ut av tunnelen var vi 8mann som hadde fått luke. Då var det bonn fitte til vi klarte å få såpass luke at hovedfeltet gav litt opp. Vi kjørte heilt ok sammen og etter litt små støting utan resultat vart det delt seier på oss 8. Vi trilla på linje over mål då det ikkje var lov å spurte. Snitt fart på ca 44km/t og tida ca1t og 45min.

Var faktisk usikker på om eg skulle stille til start i dag, pga rufsete helsa. Men gjorde no da likevel. Responsen frå kroppen var heilt som forventa. Litt tunge bein litt tømmerstokk følelse, men dei klarte å gampa på litt likevel ;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3