Drammensrittet

Drammensrittet som var årets siste NC maraton ritt var på lørdag. Etter kraftig regnvær dagen/veka før rittet viste vi alle at det kom til å vera bløtt, vått og sleipe forhold til tross for at sola skinte når startskuddet gjekk!
Knallhard start frå Drammen sentrum og rett i lang hard stigning opp til Konnerud der stipartia begynte. Eg satt så godt som med teten opp dit, men allerede etter 100m på første stiparti starta dagens problem. Kjede hoppa av og klarte jo sjølvsagt å surre seg fast i krankarmen. Fjoff sa det og teten var borte. Lufta gjekk litt ut av balongen allerede då, men eg kom meg på sykkelen og blei sittande i lag med 3 andre deriblant skiløparen Geir Ludvig AAsen Auren.
Vi kjørte heilt greit ilag uten dei at eg hadde store problem med å følgje med. Men etter 3mil gjekk lufta fullstendig ut! Ponga på bakhjulet og måtte fram med ny slange å styrte på. Tok vel over middels lang tid med slange skift og når i tillegg gjorde eg vel noke feil slik at det ikkje vart nok luft med ei patron. Heldigvis stod det nokre “trimmara” like ved som hadde pumpe og hjalp til. Minutta gjekk fort kor mange veit eg ikkje, men plenti!
Kom meg på sykkelen og fekk diesel motoren i gang igjen. Passerte ein heil bråte med folk og tråkka rett i frå. Men ei lita stund etter fekk dei gleda av å sjå meg stå i veikanten å banne! Nye slangen holdt ikkje tett. Sige pungtering. Fekk låne ei patron av Stian frå Team Fuji og pumpa opp igjen(gadd ikkje skifte slange igjen). Så var innstilt på å måtte pumpe igjen. Mil seinere ca stoppa eg ved ein ny “trimmar” og fekk pumpa i luft igjen. Denne gangen holdt lufta heilt til mål :) hehe
Så etter plenti med stopp og tjo og hei kom eg til slutt i mål 19.32min bak vinnaren Håkon Austad.

Langt i frå min dag den dagen, men ei skikkelig gampe økt blei det. For eg fekk tross alt 4mil mating aleine i skogen og på grusveia. God trening tross alt :D

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3