53-12 heile dagen!

Fyste etappe unnagjort i bedre vær enn det “metrologane” hadde tippa! Opphold faktisk glimt av sol og rundt 18pluss! :)

Etter ein forferdelig klundrete master start kom vi i gang og det virka som folk hadde ete speed eller liknande. Gjekk stygg fort frå start særlig for ein som meg som må sveivast i gang og som ikkje starter før speedometeret viser 100km!! hehe

Fekk vel litt fartsjokk i starten, men det bedra seg litt utover. Og etter at langrunden på ca 110km var unnagjort var feltet til tross for ein snittfart på nesten 45km/t stortsett samla. Då var det tid for ei meir gateprega runde og med kanskje 120-130mann igjen i feltet blei det langt frå halen til fronten! Første runde satt eg for langt bak og brukte mykje krefter for å komme meg fram igjen.
Siste runde var igrunn eit helvete. Ikkje pga beina for dei var vel igrunn bedre enn dei hadde vore noko tid før på dagen ^^! Men feltet var ekstremt nevøst og alle SKULLE ligga topp 10. Eg er sjelden redd når eg sitt på sykkelen, men må vel innrømma at idag følte eg meg ikkje høg i hatten der eg prøvde å posisjonera meg….
Kom meg fram men 10sek etterpå så var eg langt bak igjen. Var sjukt vanskelig å holde plassen!!
Ka plass det blei til slutt det veit eg ikkje, men ca 30 kanskje. Er fornøgd med det sida det er første UCI løpet….:)
I morgo venter ein lang etappe på 195km med hard avsluttning opp til festningen på Kongsvinger……..;)

Ps. Grunnen til at overskrifta 53-12 for dei som ikkje er 100% inni syklinga så er det altså tyngste giret eg hadde på sykkelen i dag, og det blei flittig brukt for å sei det slik! ;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3