Festningsrittet 2010

Må sei eg er glad Festningsrittet ikkje hadde fleire etappa enn 3. Er fryktelig sliten idag etter tre harde daga.
Gårsdagens etappe var på heile 195km. Den sarta brutalt med svært høg fart til eit 4manns brudd kom avgårde etter ca4mil. Etter det var det lite action i feltet og farten var vel litt i overkant av rolig langtur. Men etter ca 100km med lite action vart det endelig satt fart. Bruddet blei fort spist opp og farten var høg og nervøst i feltet også den dagen. Hadde litt uflaks med pongteringer i går med punging bak når det gjekk rolig for seg i feltet så da gjor det ingenting. Men punga også framme då det kun gjenstod 15km. Litt meir problematisk og mykje høgare fart i feltet. Kosta krefter å komme seg opp igjen og eg klarte ikkje å få posisjonert meg før vi skulle inn i ei kronglete stigning opp til mål som var på Kongsvinger festning. så havna noke bak i feltet også i går.

Idag forventa mange at det skulle gå avgårde eit brudd som kom til å bli henta ganske fort inne på kort rundane i Kongsvinger sentrum. Men slik blei det da ikkje! Joker og Glud Mastrad hadde tydeligvis prata sammen og satte voldsom fart i den eine stigningen som var i løypa. Heile feltet blei delt i to og dei beste kom avgårde. Eg satt sjølvsagt for langt bak og havna då bak splitten som veldig mange andre norske gjorde. Fleire lag jobba hardt for å klare å tette luka fram, men etter ca 7mil med jag for å ta dei igjen gav feltet opp. Sjølv så hadde eg ein svart dag i dag og kjenner at kroppen er forferdelig sliten. Sansynligvis ikkje bare etter syklinga dei siste dagane, men etter generelt for mykje stress og lite overskudd.
Kan jo forøvrig sei at den første timen idag så hadde vi ein snittfart på nesten 47km/t!! og på 2,5time hadde vi kjørt 115km….Så da gjekk unna og eg kan trygt konkludera med at detta var noke heilt anna enn å sykle Norges cup løp!!!

No håper eg å få samle litt krefter til Birkebeiner rittet som er til helga. Har sett fram til det så hadde vært morro å hatt litt krutt i beina til Birkebeiner rittet som går på lørdag:)

2 Comments:

  1. Det er bare å trene mere…

    -Lykke til på “Birken”!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3