Birkebeiner rittet 2010

Med god oppladning denne veka hadde eg store forhåpniga til årets Birkebeiner ritt. Hadde ein god følelse på startstreken og i god tru la vi avgårde mot Lillehammer kl 15.00.
Det gjekk fort oppover mot Skramstad, men eg var offansiv i hovudet og klarte å sitta ca topp 15 oppover heile bakken.
På Skramstad sprakk feltet opp og eg kom meg med i fremste pulja. Kjørte som gale ned Djuposet og eg var skjele glad då eg kom ned dei verste bakkane uten uhell og i god kontakt med teten. MEN då eg skulle til å tråkka igjen så hadde kjede hoppa av, IGJEN. Dette er ikkje førsta rittet eg har slitt med detta problemet til tross for at sykkelen hadde no vore på stor service.
Kjede skilte seg mellom krankarmen og største tanhjulet og folk flaug forbi meg. Kom meg frustrert og sint på sykkelen igjen og tok fatt på stipartiet. Kom for første gong svært lett igjen der og klarte å kjøra meg opp til det som var pulje 2 etter sti partiet. Satt her lett med, men etter 35km hoppa det satans kjede av igjen! gjekk sikkert 2min før eg kom meg på hjula igjen. Skuffa og lei tråkka eg avgårde aleina omtrent heilt til Storåsen (ca40km aleina). Der kom eit par ryttara forbi meg som eg heiv meg med. Men etter no å ha vore på høgste punktet av løypa gjenstod det verste, nedover bakka!
Hadde dei siste mila blitt kaldare og kaldare. Og følelse i bein og fingra var for lengst vekke, men det kunne eg leva med. Men ned frå Sjusjøen klarte eg beint ikkje meir. Var så kald og hakka så kraftig tenne at eg sleit med å pusta. I tillegg skalv eg så fælt at sykkelen gjekk langt frå beint! Begynte i tillegg å miste fokuset og følte eg når som helst kunne gå rett i bakken. Det var rett og slett ikkje forsvarlig å sykle vidare. Stoppa ved ei røde kors bu, og i det eg steig av sykkelen svartna det i eit par sekund. Hadde eg sykla lenger hadde eg nok gått rett i skogen….Takker røde kors for hjelpa her!
Vart frakta forfrosen og kald til Håkons hall i minibuss. Fekk då veta at eg utan gårsdagens problem lett kunne vore topp 10 på årets birekn utgave og sansynligvis på pallen i klassen min.
Så eg må sei at eg er forferdelig skuffa etter nedturen i går. Bare eit lyspunkt! det er at eg var for første året med teten over Skramstad og det uten veldig store problem! Kan derfor garantera her og no at neste år skal eg vera langt oppe på birken!! Bare med eit forbehold: eg starter ikkje viss været er like dårlig neste år også!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3