NC Oslo

Treg oppdatering etter søndagens ritt, men bedre seint enn aldri veit eg.

Etter å ha slitt i bakkane i fleire ritt no på haust sesongen frykta eg på førehand at 14 gonger opp Ekeberg bakken ville verta tøft! Tøft da vart da og…………..!
Folk er jo heilt ville oppover, men når ein skal nedover er dei reine kyllingane!
Var som i fjor “bonn fitte” hvertfall etter mi meining opp bakken på kvar runde. Reidar Borgersen sin watt måler viste at det låg på kring 450watt med hans kroppsvekt oppover bakken, og det blir vel hardt mange rundar på rad.

Etter å ha vore ivrig på å komma meg i brudd på dei første rundane uten å ha lykkast var ikkje beina vidare gode.
Men kava meg opp bakken 10 gonger før eg den 11 runden brukte det siste eg hadde av krefter på å kjøra Tormod opp igjen til feltet etter maskinelt uhell. Då var det grett slutt for min del. Men vart ein hyggelig 12 runde sammen med Eikeset som også hadde fått nok av slitet på den runden.

Når eg seier at folk kjører som kyllinga nedover meiner eg fleirtallet av ryttarane virka rett og slett redde ned frå Ekeberg. Greit det var fuktig asfalt på dei første rundane, men til og med når det vart tørre vega var folk ekstremt resignerte. Kan vera at mange fekk seg ein støkk etter lørdagens “skøyteløp” på gaterittet?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3