Nydelig haust vær!

Frå ei av mange myre..


Hausten viser seg frå si beste side for tida. Det resulterte i to fine tura på offroaden i helga. I går i lag med Ole Eikeset, mens i dag sammen med Even Antonsen.

Begge turane på mykje grus og noke sti/myre som var nesten heilt frosne. Eikeseten sleit litt på diverse myre då han kjørte med cyclecross som har noke tynnare dekk enn ein offroad! Men rastepause med maxim banan bar så er ikkje Eikeset vanskelig å ha med å gjera! Turen vår enda på 3,5time i den nydelige sola og ca 1cm nysnø.

Vakje alltid frosten hadde gått jupt nok!

Idag kjørte eg og Antonsen ein del av samme ruta som i går, men måtte legge den totalt om då eg fekk ei type pungtering eg ikkje har vore borti før. På ein dårlig sti der det hadde vore skogsmaskiner og hogga ned mykje tre var det rett nok mykje kvist. Men at ein av kvistane skulle klara å finna veien igjennom sida på dekket mitt hadde eg ikkje trudd! Stod ein fin tjukk kvist rett igjennom continental merket på dekket ^^.
Fram med ny slange, men i frykt for at den skulle komme ut holet der kvisten hadde sitti fast kom vi oss ut på asfalt vei slik at det var mulig for folk å henta meg viss da skulle bli meir punging. Men utrulig nok gjekk da bra og turen blei som i går, bare nydelig! :)

Eikeset the strong man!!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3